Storviltjakt

I Norddal Statsallmenning er reinen freda.

Valldal villreinområde (Øvstestøl seterlag, Grønning sameige, Grønningsæter grunneigarlag og Norddal fjellstyre) har avtale med Skjåk om kjøp av løyve.

Desse vert vidare fordelt i Valldal villreinområde etter areal.

 

 

Trollstigrein

Det har ved nokre høve vore sett ut tamrein i Norddal statsalmenning, seinast i 1999.

Desse har gått under namnet "Trollstigrein", merka med raude øyremerker. Dyra har vore freda, og det har blitt ei etablert stamme etter desse dyra, sjølv om truleg mange kalvar har gått tapt årleg.