Fine forhold i fjellet

Innbydande forhold for fiske og friluftsliv, vatna var tidleg isfrie.

Vi minner om fiskekort for Norddal fjellstyre (felles kort med Øvstestøl grunneigarlag). Hugs å krysse for kvar du skal fiske. Pris pr. døgn kr 50, 2 døgn kr 100,-

Fiskekort får du kjøpt på Turistinformasjonen i Valldal, i bomkasse v/Grønningsæter, på Tjønnebu, i bomkasse i Meiadalen. Er du i tvil, ta kontakt med folk som er lokalkjent eller e-post til Norddal fjellstyre. 

Fjellstyret planlegg utsetting av settefisk i sommar; Sylkoppen og Varland står for tur.

Vi håper på mange fine dagar i fjellet utover seinsommaren!