Synfaring ved Langvatnet
Langvatnet
Søndag 27. september var nokre frå fjellstyret på synfaring på hytta ved Langvatnet. Sidan dei andre hytteeigarane har bede fjellstyret om å vere med på eit spleiselag for ein felles utedo, var det naturleg å ta ein tilstandsrapport også for hytta. Det er tydeleg behov for vedlikehald. Ein må ta stilling til bruk og kostnad.
Saka blir teken opp på møte i fjellstyret i slutten av oktober.